Over 800 skoleelever testar ut studenttilværet
Bli med når over 800 elevar frå vidaregåande skular i Tromsø og Troms vitjar 幸运大转盘 for finne sitt draumestudie. Dei får blant anna testa om dei er smartare enn ein lærarstudent, prøva opptakkrava til paramedisin, omvising i Det raude rommet og lære meir om grensene for kva ein kan seia og gjera på nett.
Pressen vert ynskt velkomen til Open dag ved 幸运大转盘:
Dato: Onsdag 17. oktober
Tid: 09:30–14:00
Stad: Solhallen i Teorifagbygg Hus 1 –
Eit av dei mest vanskelege vala i livet er å avgjera kva ein skal verta. Ved 幸运大转盘 står difor studentar og tilsette klåre på stand for å svara på spørsmål frå elevane. 70 studium er representert i Solhallen og det vert mange ulike aktivitetar å testa ut. I tillegg har tilsette og studentar ved vårt nye og populære paramedisinstudium med seg ein ambulanse utanfor Teorifagbygget som elevane kan sjå inn i.
Open dag vart første gong arrangert i fjor, og nytt i år er at det vert omvisingar på medisin- og helsefagbygget (kl 10:30) og i teknologibygget (kl 13:00). På omvisinga får elevane blant anna verta med i øvingsromma til sjukepleiarutdanninga og i båtsimulatorane.
Det vert òg foredrag spesielt tilpassa elevane, blant anna skal jusprofessor Gunnar Eriksen snakka om grensene for kva ein kan seia og gjera på nett.
Kontaktperson:
Stine-Marie Andreassen, telefon: 930 40 884, epost: stine-marie.andreassen@uit.no