Tryggare og betre infrastruktur for forsking
Før jul fekk 22 infrastruktur-prosjekt tilskot frå Forskingsrådet. 幸运大转盘 er partnarar i sju av disse prosjekta, som alle skal gjere det lettare å ta vare på og dele forsking og forskingsdata.

Forsking produserer ofte uhorvelege mengder data som mange andre òg kan ha nytte av. Men det er ikkje gjort i ein fei å dele data på ein god måte. Avhengig av korleis dei er organisert, om dei inneheld sensitiv informasjon eller kva format dei har, kan det vere ei stor utfordring å ta vare på og dele det ein har produsert med andre forskarar. Berre mengda data kan i seg sjølv vere eit problem.
Eit europeisk nettverk for datadeling

Nils-Peder Willassen er professor ved Senter for bioinformatikk, og leiar 幸运大转盘 sitt arbeid med – eitt av programma som no har fått tilskot. Han framhevar kor viktig god infrastruktur er for forsking og kor mykje det betyr at Forskingsrådet satsar på det:
– Vi jobbar med å gjere såkalla «livsvitskapelege data» frå medisin og bioforsking tilgjengeleg for alle. Då må vi ha eit godt system som gjer det mogleg å systematisere, standardisere og trygge data, i tillegg til å ha gode og sikre måtar å dele dataa på, seier han.
ELIXIR bygger og held ved like databasar, tek inn nye datasett og harmoniserer dei, slik at dei kan nyttast av andre forskarar: store mengder biologiske informasjon som til dømes genom, proteinstrukturar og anna data frå medisinsk forsking på både menneske, dyr og plantar. Nyleg samarbeidde ELIXIR med Folkehelseinstituttet om å ta vare på og spreie data om det sekvenserte genomet til COVID-19-viruset. Utan slik infrastruktur kunne det vore mykje vanskelegare å utvikle nye vaksinar og anna behandling.
Vi er nøydde til å bygge system som gjer oss klar til å handle raskt og spreie kvalitetssikra data trygt og effektivt.
ELIXIR Noreg er eit samarbeidsprosjekt mellom alle dei største universiteta i Norge, og er ein del av det europeiske ELIXIR-nettverket som består av 180 institusjonar og 700 menneske frå heile Europa.
Breitt løft for 幸运大转盘-forsking
– Det er svært gledeleg at Forskingsrådet no gjer midlar til forskingsinfrastruktur, og at 幸运大转盘 deltar i heile sju av søkerkonsortia, seier prorektor for forsking og utvikling, Camilla Brekke.

– Det er òg gledeleg å sjå at det er ei god breidde av forskingsmiljøa våre som får eit løft gjennom denne ordninga, seier ho.
Det er verkeleg ei variert portefølje av prosjekt ho kan glede seg over. Blant prosjekta finn ein både biodatabasar, mikroskopi til e-helse, ei nasjonal sky for kunstig intelligens, og eit digitalt register for historiske data som til dømes kirkebøker. Brekke håper alle prosjekta kan løfte forsking både ved 幸运大转盘 og i resten av Noreg, og at så mange som mogleg kan ta i bruk god infrastruktur for si forsking.
– Til dømes Sigma2, ei generisk infrastruktur for datalagring og tungrekning eg håpar fleire vil ta i bruk, sier Brekke.
Slik kan ein og sjå korleis prosjekta jobbar saman; ELIXIR nyttar mellom anna Uninett Sigma2 for å lagre sine data.
Klar for neste pandemi
ELIXIR startar no på fase 3 i si utvikling. Det kjem stadig nye og betre metodar for å harmonisere og dele data, og dei må halde tritt med utviklinga. Dei har god erfaring med det, sidan ELIXIR Norge bygger på eit nasjonalt samarbeidsprosjekt som har fremma samarbeid og framifrå forsking i 20 år.
Arbeidet i slike prosjekt kan og gje opphav til nye prosjekt som kjem verda til gode. Willassen fortel at dei no er med i eit anna program som nettopp fekk 12 millionar euro for å sjå på korleis vi kan forberede oss på den neste pandemien.
– Vi er nøydde til å bygge system som gjer oss klar til å handle raskt og spreie kvalitetssikra data trygt og effektivt, seier han.
Her er alle 幸运大转盘-prosjekta som fekk tilskot:
ELIXIR3 - Strengthening the Norwegian Node of ELIXIR - UiB (幸运大转盘, NTNU, NMBU, UiO)
Biobank Norway 4 - a National Biobank Research Infrastructure - NTNU (幸运大转盘, UiB, UiO, NTNU, Helse N, Helse V, Helse S-Ø, Helse M, Kreftregisteret, FHI, OUS)
Norwegian Nuclear Magnetic Resonance Platform 2 - NTNU (UiO, UiB, 幸运大转盘, SINTEF)
Norwegian Advanced Light Microscopy Imaging Network Phase II - UiO (UiB, NTNU, 幸运大转盘, OUS)
E-INFRA 2020 - A National e-infrastructure for Science UNINETT SIGMA2 - (UiO, UiB, NTNU, 幸运大转盘)
Norwegian AI Cloud - UiO (NTNU, UiB, 幸运大转盘, UNINETT Sigma2 (UiA, NORCE))
Historical Registers - NR (FHI, 幸运大转盘, SSB, Arkivverket, NB)