STOPP VIKARBYRÅA!
Òg på Universitetet i Tromsø er det i somme tilfelle nytta innleigde vikarar frå byrå.
Ã…rsmøtet i NTL ÐÒÔË´óתÅÌ krever at dette mÃ¥ avgrensast til Ã¥ berre gjelda ved akutte behov, i korte periodar. NTL krev at universitetet baserer verksemda ved alle avdelingane sine pÃ¥ eigne tilsette. Viss ikkje, vil universitetet i praksis bruka delar av budsjettet sitt pÃ¥ Ã¥ sponsa vikarbyrÃ¥a.
No i vinter har Fagbladet, og seinare NRK, avslørt korleis eit av dei større vikarbyråa har tent store pengar på sosial dumping. I fleire byar har Adecco drive sjukeheimar heilt på tvers av minimumsnormene i arbeidsmiljølova. Ein kommune kan kanskje spara pengar på å privatisera velferdstenester på denne måten. Men vi kan ikkje akseptera at samfunnet går i ei slik retning.
Privatiseringa har kome langt, blant anna i helsevesenet. Internasjonale børsnoterte selskap byggjer verksemda si på å undergrava arbeidsfolk sine rettar. Adecco-selskapet (med hovudsete i Sveits) utbetalte i 2009 over ein milliard kroner i aksjeutbyte.
Fagrørsla må halda fram kampen mot denne utviklinga. Velferdssamfunnet må framleis drivast av offentleg tilsette, som følgjer lov- og avtaleverket som fagrørsla har jobba fram gjennom generasjonar. Ikkje minst i kommunal sektor er kampen
for fulle, faste stillingar viktig. Men også i staten må NTL gong på gong stilla krav
for at folk skal få dei vilkåra dei har krav på. Slik forholda har utvikla seg, må Arbeidstilsynet styrkast for å kunna ta hand om tilsynsoppgåvene sine.
Òg på Universitetet i Tromsø er det i somme tilfelle nytta innleigde vikarar frå byrå.
Dette må avgrensast til å berre gjelda ved akutte behov, i korte periodar. NTL krev
at universitetet baserer verksemda ved alle avdelingane sine på eigne tilsette. Viss ikkje, vil universitetet i praksis bruka delar av budsjettet sitt på å sponsa vikarbyråa.
Ordninga med allmenngjering av tariffavtalar og solidaransvar må byggjast ut slik at vikarbyråa ikkje kan herja fritt. Og dei ansvarlege direktørane som blir tekne i slike lovbrot, må straffast så det svir!