ÐÒÔË´óתÅÌ

høst 2025
NOR-3016 Språkvitenskapelig teori og metode - 10 stp

Emnetype

Emnet kan ikkje takast som eit enkeltemne og er eit emne i Master i nordisk språk og litteratur og valemne i Lektor i språk og samfunnsfag for trinn 8-13, studieretning nordisk. Emnet er best eigna for studentar som tar det siste året i masterprogrammet, og arbeider med språkvitskaplege masteroppgåveprosjekt.

Innhold

Emnet tar utgangspunkt i samspelet mellom teori, metode og data i planlegging og gjennomføring av språkvitskaplege forskingsprosjekt. Studentane blir presenterte for teoretiske tilhøve rundt utforskinga av nordiske språk med hovudvekt på norsk. Dei skal vidare setje seg inn i sambandet mellom teoretiske perspektiv og ulike metodar for å samle inn og handsame ulike typar språkleg materiale frå både munnlege og skriftlege kjelder. Dei skal kritisk vurdere metodiske val både i språkvitskapelege arbeid generelt og i eigne studentprosjekt.

Målet med studiet er at studentane skal kunne gjennomføre ei språkvitskapleg gransking med teoretisk medvit og på ein metodisk best mogeleg måte i høve til målsetjing og problemstilling i prosjektet.


Hva lærer du

Etter bestått emne har studentane følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • forholdet mellom teori, metode og data
  • vitskapsteoretiske forhold
  • ulike typar empirisk materiale pÃ¥ det sprÃ¥kvitskaplege feltet, dvs. korleis ein samlar inn ulike sprÃ¥klege data, og kva ulike datasett kan brukast til
  • etiske retningslinjer for handsaming av sprÃ¥kvitskaplege data

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • kjenne att, gjere greie for, vurdere og drøfte ulike faglege og teoretiske orienteringar som inngÃ¥r i studieemnet
  • gjere ei kritisk vurdering av metodisk utforming i sprÃ¥kvitskaplege arbeid generelt
  • planlegge og gjennomføre ei eiga innsamling av sprÃ¥klege data
  • analysere dette empiriske materialet og diskutere resultata pÃ¥ bakgrunn av relevant teori

Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Eksamensspråk: Norsk

MÃ¥lform: Nynorsk


Undervisning

Emnet er samlingsbasert hausten 2025 (ca. 3 samlingar). Undervisinga blir normalt gjeven i form av forelesingar og seminar. Veker utan undervising skal nyttast til sjølvstudium.

Kvalitetssikring av emnet:

Alle emne vert evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Studieprogramleiar avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar kvart år.


Timeplan



Eksamen

Vurderingsform: Karakterskala:
Oppgave A–E, stryk F

Obligatoriske arbeidskrav:

Følgende arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før man kan framstille seg til eksamen:

En muntlig presentasjon Godkjent – ikke godkjent
ÐÒÔË´óתÅÌs samleside om eksamen

Mer info om arbeidskrav

Gje ein munnleg presentasjon av ei skisse for eit språkvitskapleg masterprosjekt med særleg vekt på teoretisk og/eller metodisk forankring for prosjektet. Presentasjonen kan danne grunnlag for den skriftlege prosjektskissa for masterprosjektet som skal leverast innan fastsett frist og godkjennast av rettleiar for masterprosjektet i løpet av haustsemesteret.

Arbeidskravet er gyldig i eitt semester.


Mer info om vurderingsform oppgave

Oppgåva skal vere ein analyse av heile eller delar av materialet som er samla inn i samband med arbeidskravet. Oppgåva skal skrivast med rettleiing og leverast innan fastsett frist.

Eksamensspråk: Norsk.

Målform: Nynorsk. Ved alle eksamenar i nordisk blir rett og god språkføring vektlagt.


Kontinuasjonseksamen

Det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studentar som ikkje har bestått siste ordinære eksamen i dette emnet. Ei semesteroppgåve som ikkje er bestått, kan leverast inn til ny vurdering i omarbeidd form.
  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 10
  • Emnekode: NOR-3016
  • Tidligere Ã¥r og semester for dette emnet